Maja og eventyret om den glemte musikken

Nordland Teater Black Box
Lørdag, 22 oktober, 2016 - 11:30


Passer til barn i alderen 4-12 år.

Maja og eventyret om den glemte musikken er et spennende eventyr skrevet og formidlet av musikerne Torbjørn Netland (gitar), Edvard Mjanger (kontrabass) og Mats Mæland Jensen (trommer).
Musikerne beskriver prosjektet slik :
Det var ein gong tre musikarar som heitte Torbjørn, Edvard og Mats. Dei var så glade i eventyr at dei ville lage si eiga fortelling. "Eventyret om Maja og den glemte musikken" vart til ein mørk og kald vinterkveld då dei tre sat mutters åleine på ei hytte høgt til fjells. Sidan dei alle hadde jazzutdanning frå Bergen og Trondheim, kunne dei fargeleggje eventyret med rytmer, klangar og improvisasjonar. Og snipp, snapp, snute, så var ei forestilling i rute!

Maja bur i eit land som er kaldt og stille. Slik har det vore så lenge nokon kan hugse. Frå ho var lita har ho høyrt eit eldgamalt sagn om den dagen den tjukke tåka kom og skugga for sola, og om dei kalde vindane som bles all glede ut av landet. Det var den same dagen musikken forsvann.... Maja gjev seg i veg for å finne att musikken, som i følgje sagnet har ei magisk evne til å gjera folk friske og glade. Men, då treng ho hjelp frå alle ho møter på si vandring. Eventyret er lest inn av Claus Sellevoll, og illustrasjonane er laga av Gunvor Rasmussen. -

https://bjf.ticketco.no/bajazz_eventyret_om_maja_og_den_glemte_musikken#...

http://nordnorsk.jazzinorge.no/2016/04/13/stor-satsing-pa-barnejazz-med-...